Målet vårt i denne perioden er at vi må ta vare på kloden vår, og gjera det me kan for at den skal vera ein god stad å vera. Då må me gjera små ting som borna forstår, som å plukka boss, sortera boss og ikkje hiva frå seg noko. Det er den enkle bodskapen frå oss.  

Dei eldste borna har gravd ned ulike gjenstandar for å sjå korleis dette vert nedbrutt over tid, me har og levert inn gamle batteri, panta, sortert boss og plukka boss. 

Ida Solheim (31) overraska også med ei miljøvenleg gåve til gamle kjende under årets Barnehagedag. Ida har både gått i Kyrkjebakken barnehage og jobba hjå oss tidligare. Ho har samla flasker på campus og panta. Dette passa fint med årets tema som var «små steg for kloden», der målet er å synleggjera korleis landets barnehagar arbeider med temaet natur og miljø.