Sogn PPT
Sogn PPT yter tenester til kommunane Aurland, Luster, Sogndal og Vik.
Sogn PPT skal hjelpe barn, ungdom og vaksne med særlege behov gjennom utdanningsløpet.
Barn/elevar under 15 år kan visast til tenesta av føresette eller i samråd med barnehage/skule. Unge over 15 år kan sjølve ta initiativ til kontakt med tenesta, eventuelt i samarbeid med skulen. Vaksne tek sjølv kontakt med tenesta.
Kva gjer PPT?
- psykologisk pedagogisk utgreiing
- individuell oppfølging av barn og unge
- rådgjeving til foreldre/føresette
- samarbeid med barnehagar og skular
- rettleiing til tilsette i barnehage og skule
- hjelp til overgangar i opplæringsløpet
- hjelp til lærlingar/lærekandidatar i bedrift