I Sogndal kommune skal det vera stort fokus på barn og unge sin trivsel. Kommunen skal vere ein trygg stad å veksa opp i, men stundom kan ein likevel oppleva utfordringar og vanskar. Då er det ekstra viktig å bli sett og høyrt av trygge vaksne som kan hjelpa.
 
Sogndal kommune har frå hausten 2020 teke i bruk Betre tverrfagleg innsats (BTI) som den samhandlingsmodellen skulane og barnehagane skal bruka i arbeidet med barn og unge.
 
Er du bekymra for eit barn, eller er du eit barn eller ein ungdom som har lyst til å snakke med nokon? Det er då viktig å vite korleis ein skal gå fram for å oppsøke hjelp, enten du er barn, ungdom, vaksen eller tilsett. 
 
Lenkja under viser deg korleis du kan gå fram. 
https://sogndal.betreinnsats.no/BTI Logo