Dersom maksprisen i barnehage overstig meir enn 6% av den samla inntekta til familien/hushaldet, kan du søkja om redusert pris.
Makspris per månad er no 3.000 kroner og hushald med inntekt under kr 550 000 vil dermed ha rett til redusert foreldrebetaling. 

Alle må søkja på nytt kvart barnehageår

  • Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld for eit barnehageår om gongen.
  • Vedtaket gjeld frå månaden etter at søknad og rett dokumentasjon er motteken.
  • Du må søkja innan 30. juni for at ordninga skal gjelda frå barnehagestart.
  • Dersom du søkjer utanom fristen, vil søknaden gjelda fra måneden etter at me har motteke fullstendig søknad.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
 

Gratis kjernetid 

  • Alle 2 - 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.
  • Frå 1. august 2023 gjeld dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 615 590 kroner.
     
  • Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til både redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.


Dokumentasjon og søknadsprosess

  • Prisen vert rekna ut frå den samla inntekta før skatt til dei som bur på adressa der barnet er folkeregistrert (hushald).
  • Som hushald vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.
  • Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret.
  • Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i hushaldet.
     

Inntekta til hushaldet må dokumenterast

  • Legg ved kopi av siste års skattemelding (sjølvmelding/"selvangivelse"). 
  • Dersom inntekta har endra seg vesentleg frå det som kjem fram av skattemeldinga (t.d. endring I hushaldet, arbeidsløyse o.l), må du leggja ved anna relevant dokumentasjon som t.d. studentbevis, lønsslippar frå arbeidsgjevar eller vedtak frå NAV.
  • Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris.

Meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar kan du finna på Utdanningsdirektoratet sine nettsider og i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.